Tilbake til oversikt

Øvre Fossheim
4 bustader nært sentrum

4 bustader i rekkje sentralt i Førde
Innhaldsrike bustader på 50 kvm
Oppstart bygging februar 2017

Bygging er i gang - 2 selde

Sjå salsprospekt

Sjå prisliste
Sjå salsbetingelsar
Stadfesting kjøp av eigedom
Sjå vedtekter sameige
Ein godt gjennomtenkt bustad er noko ein lett kan knyte seg til.
Det handlar ikkje berre om tekniske kvalitetar og praktisk organisering, men og om ein moderne og stilrein arkitektur ein kan identifisere seg med.


- Arkitektur med identitet!
- Interiørarkitektens val innvendig
- Arealeffektivt
- Solrikt
- Utsikt mot Førdefjorden
- Privat takterrasse

Xform har valt å gje bustadane på Øvre Fossheim ein særeigen arkitektur, som skil seg frå det varierande formspråket i området rundt. Som vanleg er ambisjonane til Xform høge, både når det gjeld arkitektur og formspråk. 

Vi har leika oss med eit tydeleg og enkelt formuttrykk!

Å kjøpe bustad hos Xform skal vere ei god oppleving. Xform har derfor lagt til rette for at du kan velje mellom ulike interiørpakkar, slik at du kan få ein personleg stil på heimen din utan å gjere dyre tilval. Ta ein titt i salsprospektet for å sjå dei ulike konsepta.

Tomta ligg godt plassert med mange flotte kvalitetar. 

Storleik og topografi opna for ei kompakt utforming med fokus på arealeffektivitet, utsikt og lys. 
Mot vegen er bustadane skjerma, medan dei opnar seg opp mot fjorden og utsikt i vest. 
Frå takterrassen kan ein nyte omgivnadane frå morgon til kveld.

Med ein fasade i vedlikehaldsfrie plater, får bustadene eit stramt og stilreint uttrykk. Dette krev eit minimum av vedlikehald og gjere kvardagen enkel for deg som bebuar.