Visjon

Xform Arkitektar

Målsettinga til Xform arkitektar er å skapa arkitektur med identitet som gjev uttrykk for vår tid.
Vi ynskjer å utvikla eit formspråk det moderne mennesket kan identifisera seg med, og gjennomføra prosjekt til det beste for våre oppdragsgjevarar.


Xform har brei erfaring frå prosjektering innan alle typar bygg og planprosessar, og har god tverrfagleg røynsle med å jobba med open BIM modell (Building Information Modelleing).


For at vi skal vera mest mogleg produktive legg vi vekt på at alle ved kontoret innehar all naudsynt kompetanse i alle prosjektfasar, og vi kvalitetssikrer arbeidet vårt til ei kvar tid gjennom godt teamarbeid. 


I samarbeid med kunden bidreg Xform aktivt til energieffektiv og kostnadseffektive løysingar med spennande og bærekraftig arkitektur med identitet. 


Eit godt planlagt bygg kan bidra til verdiskaping også i nyttefasen, og redusera dei langsiktige kostnadene betydeleg!


Xform har Sentral Godkjenning tiltaksklasse 3 for søkarfunksjon og arkitektur.


Xform Eigedom

Xform Eigedom er ein moderne og fremtidsretta utbyggar med gjennomføringsevne gjennom god marknadsinnsikt.

Xform Eigedom er prosjektutviklaren og byggherren som er opptekne av å utvikla nye konsept-og produktløysingar som tilfredsstiller stadig aukande krav.

Har du ei tomt, område eller bygg som egnar seg for utvikling eller transformasjon er vi interessert i å koma i kontakt med deg!

I bustadsmarknaden har vi som eigedomsutviklar heile tida hatt ein klår visjon om å skapa bustader for den kvalitetsmedvitne.
Ullsentralen.no er det siste prosjektet vårt.
Eit kombinert forretnings- og bustadsbygg midt i Førde sentrum. Bygget står fram som eit urbant bygg og vert ein del av Førde sit nye andlete.

Xform Interiør

Xform interiør utviklar spennande konsept og unikt design til din private heim, til næring eller til offentlege bygg!

Mennesket er eit sansande vesen og vert påverka av omgjevnadane; av fargar, material, form og lys. Nettopp derfor er effekten av eit godt interiør stor! Den sikrar at rom, materialar, fargar og møblering settast i samanheng, og at interiør og arkitektur samspelar på best best mogleg vis.

Det er Xform si oppgåve å setja seg inn i oppdragsgivars behov og ynskjer for farge og materiale. Dette er heilt avgjerande for at vi skal kunne utforme gode og funksjonelle løysingar.

Gode løysingar blir utarbeida gjennom ein prosess med kartlegging og kreativ idéløysing, der ein til slutt sit igjen med ei funksjonell og estetisk løysing som grunnar i brukarens behov og ynskjer, samstundes som den tilfredstillar dagens standar og forskrifter.

Arbeidsprosess med arkitekt

Kva kostar det å bruka arkitekt
Dersom oppdraget omfattar alle 4 fasar i ei byggeprosess, vil honoraret anslagsvis liggja mellom 7 og 10% av entreprisekostnad.
Fullt arkitektoppdrag omfattar alt arbeid til og med garantisynfaringa.
Kyndig byggherre, dugelege handverkarar og enkel detaljering gjer prosessen smidig og meir kostnadseffektiv.
Det er viktig at dei økonomiske rammene vert fastlagt før samarbeidet vert igang sett.


Arbeidsprosessen med arkitekt

Fase 1 Rådgiving
Byggherre og arkitekt tek eit uforpliktende møte, diskuterer omfanget av oppdraget, honorar m.v. og anslår dei økonomiske rammene.
Det kan verta naudsynt eller nyttig med visse undersøkingar før ein går igang med samarbeid og prosjektering.
Xform har god erfaring med involvering på eit tidleg tidspunkt, heilt i frå ide, tankar og programmering.

Fase 2 Skisseprosjekt, forprosjekt og søknad
Skisser, forprosjekt og søknad er byrjinga på oppdraget i forhold til selve utforming og tegning.
Arbeidsmengda i fase 2 tilsvarer omtrent 1/3 av det totale honorar.
Gode prosjekt oppstår gjennom gode prosessar og då er kanskje den viktigaste fasen programmering- og skissefasen.
Dette er den kreative fasen og den fasen der dei viktigaste føringane vert lagt for prosjektet.
Heilskapleg arkitektur handlar ofte om å definera oppgåva, og er ei investering for framtidig verdiskaping.  
Det er ein sjølvfølge for Xform at det vert nytta 3D verktøy i alle prosessfasar og at ein i dei større prosjekta jobbar med ein open BIM modell (Building Information Modelling).
Sjølve søknadsprosessen er etterkvart ei noko omfattande prosess i tilhøve lovar og forskrifter. Bakgrunnen for dette er å sikra gode løysingar og høg kvalitet. Søknad om løyve skal utarbeidast av eit godkjent foretak (ansvarleg søkar).
Ansvarlig søkar må sørgja for rett kompetanse for både prosjekterings- og utførelsesfasen. Dersom det vert engasjert ansvarlege og profesjonelle foretak, er søkeprosess med kommunen normalt sett ein relativ smidig prosess.
Xform kan gje råd om forståing av dei meste sentrale lovane og forskrifter innanfor byggesaksfeltet, herunder plan- og bygningsloven, Teknisk forskrift, Byggesaksforskriften, arbeidsmiljøloven og anna regelverk. Slik forståing har vist seg svært verdifull i alle delar av eit oppdrag; blant anna for å redusera risiko og usikkerhet for etterfølgende fasar av prosjektet.
Ved regulering- og dispensasjonsøknader er normalt sett søknadsprosessen både ressurs- og tidkrevande.
I slik tilfeller må ein også påregne lenger saksbehandlingstid.
Xform bistår gjerne i ein tidleg fase, for å sikra ein rasjonell søknadsprosess og godt samarbeid med kommunen.

Fase 3 Arbeidsteikningar, detaljar og mengdeberegning
Arbeidstegninger tilsvarer ein tredjedel av honoraret.
Arbeidsteikningar gjev eit klårt bilete av det som skal lagast, med mål, materialkvalitet og i målestokk.
Rolla til arkitekten i detaljprosjekteringen og oppfølgingen er først og fremst å sørgja for at intensjonane i prosjekteringen vernast under bygginga.
I denne fasen må underkonsulentar innhentast for tverrfagleg godt samarbeid.
Ved totalentreprise vert ofte detaljteikningar gjort i samarbeid med valde entreprenørar.

Fase 4 Anbud administrasjon og eitårsbefaring
Vurdering av anbud, oppfølging under byggeprosessen og befaring er den siste tredjedelen av honoraret, som forfell når bygget står ferdig med ein omforent rest til garanti er ute.
Å byggja i dag er ei stor investering, men er òg ein stor verdi dersom rett kompetanse vert nytta!