Tilbake til oversikt

Bustadsfelt Porsgrunn

7 Bustader
Heistad Porsgrunn
150 kvm
Oppført 2013
Utbyggar Xform Eiendom AS
 «Byggeskikkpris 2015», for sju funkishus i eit nabolag.
I grunngjevinga frå juryen står det mellom anna: «Styrken med prosjektet er den synlege heilskapen, det at ingen har skore ut og forma ut bygg på tvers av den overordna arkitektoniske ida»

Den heilen starta med at Xform kjøpte eit tomteområde i Porsgrunn, som nettopp var ferdig regulert. Gjennom Xform Eiedom AS vart tomtene lagt ut for sal.
Krav til kjøparane var at dei måtte kjøpa eit arkitektteikna hus av Xform arkitektar.
Resultatet vart sju funkishus på eit høgdedrag nær sjøen.
Kvar kunde engasjerte eige entreprenør, men Xform hadde det arkitektoniske ansvaret.

Kvar bustad er tilpassa den enkelte kunden og deira behov.
Tomtene hadde ei open reguleringsplan, noko som vil seie at det ikkje var restriksjonar på kva som kunne byggjast. Resultatet vart eit intimt nabolag, men med rikeleg luft mellom husa.
Kvar bustad får skine for seg sjølv!