Tilbake til oversikt

Forretnings- og bustadsbygg Ullsentralen

Forretnings- og bustadbygg
Førde sentrum
3500 kvm
Ferdigstilles 2017
Ullsentralen vert ein del av Førde sit nye andlet.
I den eine enden av kvartalet finn du Kunstmuseet og i det andre bustadsprosjektet Ullsentralen.
Ullsentralen inngår i kvartalet sitt kosept "bre og fjell" formgitt med kraft - som svar på kvartalet sitt møte med det urbane byliv og naturlege omgivnader. Ullsentralen har eit formmessig slektskap til eksisterande arkitektur, men Xform har tilført det noko meir leikne formene og variasjon, for å gje bybiletet meir dynamikk, liv og meir varme.
Det er i samspelet mellom rom og omgivnad, mellom innsi­de og utside at vi skapar arkitektur.
Å planlegge menneske sine omgjevnad handlar om innlevelse og respekt!
Med Ullsentralen har vi teke dette på alvor!

Ullsentralen vert eit stilrent bygg med diskret organiske former.
Design er gjennomtenkt med eit kubistisk sterkt formuttrykk som er brote med usymetriske horisontale leikne linjer. Med presise materialvariasjoner gir Ullsentralen eit meir lett uttrykk mot det urbane gatelivet. Samspillet mellom homogene rene flatar, tre og glas gjev variasjon, men likevel eit stilrent og ryddig uttrykk.