top of page

Dolly Dimples

Totalrenovering av restaurant, Førde

2021 - 2022


Komplett interiøroppdrag - frå skisse til ferdigstilling!


Dolly Dimples i Førde bar preg av mange års bruk. Dette prosjektet tok for seg ny utforming av lokala, overflater og planløysing, samt bestilling av møblar og prosjektleiing under gjennomføring. Målet med oppussinga var å auke omsetning inhouse og dagleg leiar Line Kilnes fortel at ein har lykkast med det - det er ei kraftig auking!


Eg er meget fornøgd med prosessen med interiørarkitekt. Det var befriande og kunne konsentrere seg om drift, samtidig som det andre gikk av seg sjølv i kulissene der prosjektleiar hadde full kontroll - eg hadde definitivt gjort det same igjen. Eg er spesielt nøgd med at Sara fulgte opp håndverkarane på ein god måte, godt samarbeid i alle ledd, og at ho tok ansvar med forskjellig dash, slik at detaljene kom på plass // Line Kilnes, dagleg leiar

Interiørarkitekten fekk frie tøylar til konsept og løysing, med unntak av å beholde dagens disk, men overflatene kunne pussast opp.


Konseptet

Ei tidlaus, varm og innbydande atmosfære. For å oppnå dette er det fokusert på heilheitleg farge- og materialbruk, funksjonell planløysing og god sone-inndeling, god akustikk, grønte planter og konseptuell belysning. Grøn-nyansar og brente jordtonar saman med lyst treverk dannar eit tidlaust uttrykk utan at det vert sjellaust og kaldt.



Overflater

I eit lokale med hard bruk er det viktig å nytte holdbare materiale. Her er det nytt belegg på golvet, noko som er lett å halde reint og er slitesterkt. Det er eit stort utval av golvbelegg som kan nyttast i eit moderne interiør, så belegg treng ikkje å ha eit "sterilt" uttrykk. Her har vi óg eit parti med belegg på veggen, som ei forlenging av golvet! På skiljeveggar er det nytta malt kryssfiner som tåler ein støyt, og ellers er det malte flater som er vaskbare. Det er óg nytta mineral-sparkel (m. sealer) for meir dybde, varme og kontrast til dei glatte malte flatene.


Det er ingen kvite flater i dette prosjektet, og systemhimlinga er skifta ut til same farge som øvre del av vegg. Dette øvre feltet tar igjen høgda på nedkassinga over disken, spile-overbygga, samt vindussprossene i fasaden. Eit slikt skilje er med på å "løfte" himlinga og skape meir romfølelse.


Det er ein 9,5m lang vegg med akustikk-demping i lokale. Saman med absorberande lydhimling er dette med på å skape ei roleg og behagleg oppleving av lokalet - eit avgjerande element for eit vellykka interiør. Veggen med akustikk-demping har utskjærte veggplater i treulitt, med isolasjon bak. Her har målet vert å inkludere løysinga for dempings-behovet som ein del av interiørkonseptet - og med desse lekre platene vart det perfekt!




Konseptuelle og soneinndelande element

For å skape ei innbydande atmosfære er det viktig med god soneinndeiling og logistikk i lokalet. Ein ynskjer å sitte uforstyrra og gjerne ikkje for tett på andre og trafikken i lokale. T.d må ein tenke over gjestar som skal innom for å hente med seg take-away, slik at desse ikkje hopar seg opp på stader ein ikkje ynskjer. Dette var ei konkret problemstilling vi måtte ta omsyn til i dette prosjektet. I tillegg bør soner som inneheld servering vere nærme der du bestiller, slik at dette er lett tilgjengeleg og ein finn fram.


I eit serveringslokale er openheit viktig at kundar fort å kunne orientere seg i lokalet, samt at dei tilsette har god oversikt. Likevel treng ein skjermning for å skape gode soner - så her må ein jobbe med balansen mellom ope og lukka. Soneskiljer kan gjerast på mange måtar, og i dette prosjektet er plantekassar nytta som eit sentralt element. Der ein treng eit meir tydeleg skilje er det same formspråket frå kassane nytta saman med ei opne hylle. Dette skapar nok skjermning samstundes som ein lett får oversikt. Hyllene er óg eit stemningskapande element der ein kan tilføre dekor og det lille ekstra.


Eit anna sentralt element er spile-overbygga. Desse skapar rom-i-rommet og bryt opp det store arealet innerst i lokale. Det handlar óg om å skape variasjon, slik av ein kan velje mellom ulike sitteplassar med ulike kvalitetar - å skape ei kundeoppleving! Spilene er i massiv bjørk, og tar igjen materialet i akustikkplatene. Gjennom god dialog med flinke fagfolk var spilene montert utan svill og med flotte detaljar!


Uteserveringa fekk óg ein oppgradering! Det same målet med sone-inndeling og god atmosfære var også her. Dette løyste vi med nye plassbygde sittebenkar og ny møblering, samt fleire grøne planter og mjuke element som puter og pledd.



Møblering og innkjøp

Møblane må vere behaglege, ha passeleg størrelse, vere slitesterke og ha overflater som er lette å halde reine. I tillegg må dei passe inn i farge- og materialkonseptet. Funksjon og estitikk skal begge vere på plass for eit vellykka resultat, og på ein restaurant er sitte-comfort ein stor og viktig del av opplevinga!


Xform sto for både beskrivelse og bestilling av laust og fast inventar, og teikna detaljar og arbeidstekningar for møblar som vart bygd på plassen. Interiørarkitekten tok óg siste finish med innkjøp av dekor og pynt til hyller, samt design av bordnummer for å sikre heilheit i alle ledd!


Prosjektering og prosjektleiing

I dette prosjektet var det vår interiørarkitekt, Sara Ødven, som vart prosjektleiiar og styrte prosjektet frå skissestadiet til ferdig bygd prosjekt.


Sara var ansvarleg for å

  • sikre konsept og utforming i henhold til oppdragsgjevar ynskjer, behov og budsjett

  • utarbeide grunnlag for innhenting av pris hos handtverkarar, samt kontrahering av desse

  • utarbeide beskrivelsar for laust og fast inventar, samt bestilling

  • utarbeide arbeidsteikningar, belysningsplanar og naudsynte detaljar

  • koordinere og lage framdriftsplan for gjennomføring av prosjektet

  • oppfølging av framdrift og utførelse på byggeplass

  • siste finish med dekor og bordnummer



Vi i Xform ynskjer å takke Line Kilnes ved Rast Restaurantdrift AS for eit utruleg kjekt oppdrag og god dialog. Ein stor takk til dyktige Drivjern Bygg AS, Maler Skilbrei og Sunnfjord Elektro for godt samarbeid og strålande utførelse.



bottom of page