Gloppen Heradshus
Totalrenovering, Sandane
2016 - 2017
Etter brann og sløkkingsarbeid var det naudsynt med totalrenovering av Heradshuset på Sandane. Xform var med som arkitekt og interiørarkitekt i skisse-, prosjektering- og tilbodsfase.
Det vart utarbeida eit heilheitleg overflatekonsept med utgangspunkt i eksisterande farge- og materialbruk, og kommunestyresalen vart ekstra lagt vekt på. Her måtte tekniske og akustiske funksjonar takast med som elelement i konseptutviklinga, noko som blei løyst på ein god måte med bl.anna spilevegg i fjellformasjon, og fint utarbeida rammeverk rundt radiatorar.
Xform utarbeida óg eit offentleg tilbodsgrunnlag for nytt inventar og innvendig solskjerming i bygget. Dette gjaldt heile huset med kontor, resepsjon, sosiale soner, møterom, formannskapssal og kommunestyresal.