Lotteri- og Stiftelsestilsynet - del 1
Møbel- og spesialdesign, møbelleveranse
Xform har hatt to oppdrag for Lotteri- og Stiftelsestilsynet, i 2018 og 2019/20. I første omgang var det etablering av kaffibar/møtepunkt, samt sjå på tiltak for å gjere kantina i bygget hyggelegare; og det andre prosjektet gjekk ut på å etablere eit møte- og prosjektsenter, sjå eigen artikkel om dette prosjektet.
Kaffibaren
Lotteri- og Stilftelsestilsynet ynskja eit sosialt møtepunkt for dei tilsette - og kvar er det vi møtes i ein kontorkvardag? Jo, ved kaffemaskina!
Dette løyste vi med å etablere ein felles "kaffibar" på gangbura i 5.etasje, som blei den einaste kaffi-kjelda for 4.-5.etasje. Tidlegare møblering i dette området blei sjeldan brukt, og ein meir attraktiv sosial sone var etterspurt. Dei tilsette hadde eigne cellekontor og såg minimalt til kvarande. Så målet til dåverande direktør, Gunn Merete Paulsen, var å få sin tilsette til å møtast for å skape trivsel og tilhøyrsle!
Kaffibaren fungerar som ei rundkøyring, og er lett å komme til frå alle kantar. Når du kjem frå gangbrua er det ei ryddig side av kaffibaren som møter deg, med materialbruk som samsvarar med konseptet eller i bygget. På "baksida" av kaffibaren ligg alle funkjsonane: kaffemaskin, vanntårn, oppbevaring, avfallshåndtering og ei tralle for brukte glass og koppar. Desse funksjonane er senka, slik at ein held eit ryddig uttrykk.
Kantine & sosiale soner
Målet som å skape meir trivsel og tilhøyrsle omfatta óg kantina og dei sosiale sonene på gangbruene i etasjane. Her vart ny møbleringsplan utarbeida for betre soneinndeling, og det blei supplert med nye møblar og plantekassar med utgangspunkt i eksisterande møblering.
Arbeidsprosess og leveranse
Prosessen byrja saman med brukargruppa for å kartlegge behov og ynskjer. Dermed følgte ein skisseprosess, før den endelege løysinga blei presentert for dei tilsette. Her fekk dei moglegheit til å komme med tilbakemeldingar og spørsmål. Vidare følgte arbeids- og produksjonsteikningar og møbelbeskrivingar, dermed bestillingar og kontraheringar.
Xform sin int.ark, Sara Ødven, var prosjektleiiar under ombygginga og fulgte opp leveransar og framdrift.