top of page

Byggeskikkprisen 2024 - Bankhagen

Xform AS og Tyssekvam Holdig AS mottok Sunnfjord Kommune sin byggeskikkpris 2024 for prosjektet Bankhagen på Sande.


Foto: Sunnfjord Kommune. Redigert: Xform AS


Xform ynskjer å takke byggherrane Marianne Svendsen og Jarl Tyssekvam som gav oss tillit og rom til å utvikle Bankhagen til det flotte prosjektet det har blitt, med mangen flotte arkitektoniske kvaliteter ute som inne.


Bankhagen er eit viktig bygg for tettstaden Sande, og er eit godt døme på vellykka tettstadutvikling. Bankhagen er ein stad der folk møtast, anten det er på plassen framfor butikken, i butikken, eller oppe i det flotte felles gatetunen, omkransa av bustader.

Her er det godt å vere.



Foto: Sunnfjord Kommune

Komiteen si omtale av bygget


Årets vinnar av byggeskikkprisen i Sunnfjord kommune er eit godt døme på tettstadsutvikling der bustader er etablert i kombinasjon med næringsbygg. På taket

av eit relativt stort butikkvolum er det etablert «ei gate» og felles uteopphaldsareal til bebuarane som gir eit spennande mellomrom for det gode liv mellom husa. Her legg det på ein fin måte til rette for godt naboskap, og skaper gode uterom for husværa. Formgjeving og materialval for leilegheitene opp på butikklokalet bryt opp det store butikkvolumet på ein eksemplarisk måte. Den gode balansen mellom funksjon og formgjeving gjer at dei spelar godt opp mot omgjevnaden. Sjølv om bygget kan være stort i «vesle» Sande framstår ikkje bygget stort. Prosjektet henvender seg på ein harmonisk måte mot elva og mot vegen. Prosjektet er eit godt døme på vidare utvikling, målestokk og formgjeving av sentrum i Sande.



Grunnjeving


Bankhagen er eit kompleks i to byggetrinn. Byggetrinn 1 er eit nybygg med ny Spar butikkmed leilegheiter opp på, inntil «Det gamle Bankbygget», som har namnet sitt frå 1969 då bygget blei oppført av Gaular Sparebank og det blei etablert bank. Byggetrinn 2 er rehabilitering og endring av bankbygget frå 1969 til næring og leilegheiter. Tyssekvam Holding AS kjøpte bygget for cirka ti år sidan. Då var Sparebanken Sogn og Fjordane og Statens vegvesen leigetakarar i kvar sin etasje. I 2017 stengde banken filialen på Sande. Vegvesenet har leigd bygget fram til nyleg. Idéen om å utvikle bygget til leilegheitskompleks hadde Marianne Svendsen og Jarl Tyssekvam i Tyssekvam Holding AS i fleire år før dei satte i gong arbeidet. Byggetrinn 1 stod ferdig i 2018 og byggetrinn 2 var ferdig i 2022. Dåverande eigar av Spar butikken, Tyssekvam valde å fjerne butikken frå bygget der familien har drive i generasjonar og satse på tomta til «bankbygget» med ein kombinasjon av nybygging og ombygging av bankbygget. Dette resultert i prosjektet vi ser i Sande sentrum i dag med nye lokaler for Spar butikk og leilegheiter i etasjen over.


I rutemeter er nybygget ca 1000 kvm og er 3 etasjar høgt – med åtte panoramaleilegheiter på toppen – og prosjektet kosta rundt 50 millionar. Det har vore vektlagt at funksjonen butikk eller næring på plan 1, og funksjonen bustad på plana over, ikkje skal konkurrere mot kvarandre, men spele på lag. Det er etablert 8 leilegheiter over butikklokalet og desse har vore planlagt med kvalitetar som 8 einebustader. Alle leilegheitene har gode bukvalitetar som store vindauge, god takhøgd, private uteopphaldsareal, men det er spesielt måten arkitekten har organisert desse 8 bustadane som gjer at vi ønskjer å gje dei ekstra merksemd.


På taket av butikken er det etablert «ei gate» og felles uteopphaldsareal til bebuarane som gir eit spennande mellomrom for det gode liv mellom husa. Her legg det på ein fin måte til rette for godt naboskap, og skaper gode uterom for husværa. Formgjeving og materialval for leilegheitene opp på butikklokalet bryt opp det store butikkvolumet på ein eksemplarisk måte. Det er ikkje berre ein «blokk» opp på ein anna «blokk». Den gode balansen mellom funksjon og formgjeving gjer at dei spelar godt opp motomgjevnaden. Sjølvom bygget kan være stort i «vesle» Sande framstår ikkje bygget stort. Prosjektet henvendar seg på ein harmonisk måte mot elva og mot vegen. Prosjektet er ein god start på vidare utvikling, målestokk og formgjeving av sentrum på Sande.

Denne kombinasjonen av næring og sentrale bustader bør vere ein god måte å satse på og sikre lokalbutikken i ein viktig tettstadsutvikling. Bankbygget var eit relativt anonymt 70-tallsbygg, med oppussing og ny bruk har ein fått eit moderne tidsriktig bygg med eit viktig tilbod til bebuarane. Sande blir meir attraktivt og det vil vere med på å skape bulyst.

0 kommentarer

Comments


bottom of page